Vokalensemblet Tabula Rasa
Else Olsen S. – komponist og pianist
Fredag 25. september kl 19.00
Nykirken Menighetshus
(Frederikbergsgaten 4)
Kr 150/75
Kjøp billetter
I Bedehus (Work in Progress) får publikum fragment av minner, smakar og framtidshåp. Har bedehuset mista seg sjølv på vegen? Er dørene opne nok for sleppe framtida inn?
Bedehus er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa, komponist og pianist Else Olsen S, regissør Ingrid Askvik og scenograf Silje S. Kise. Tabula Rasa arbeider saman med Olsen S. med utforminga av eit verk basert på bedehuskulturen, ut frå eit samtidsmusikalsk perspektiv. Olsen S. arbeider i den eksperimentelle sjangeren, men blandar gjerne inn bedehusmusikk og folkemusikk. Det forrige verket hennar, Mormor (2018), er eit variasjonsverk for preparert piano, basert på bedehussalmar. Dette verket vert og framført under Autunnalen, søndag ettermiddag i Bergen domkirke.
Askvik og Kise jobber med den sceniske utforminga av forestillinga. Dei leikar seg assosiativt med bedehusets performativitet, ritualer og estetikk. Dei tek verket ut av dei reine musikalske rammene og former Bedehus til ei oppleving der publikum er både innanfor og utanfor – betraktande og deltakande.
Dette arbeidet skal resultere i eit musikkteaterverk på om lag 45 minutt, som skal ferdigstillast for turné i 2021.
Tabula Rasa er et vokalensemble initiert av Tord Kalvenes, med formål å fremme ny klassisk vokalmusikk. Musikalsk leder er Arild Rohde.
I samarbeid med