I samarbeid med nyMusikk Krapyl og Bergen offentlige bibliotek, som ein del av konsertserien Biblioteksmusikken. I denne serien blir seriøs musikk og kunst presentert for barnefamiliar og andre som eller har vanskeleg for å koma på kveldskonserter. Det er korte konsertar, og med oppmuntringa Boller, bøker og Biblioteksmusikken!
Lørdag 26. september kl 14.00
Bergen offentlige bibliotek
Fri entré – påmelding!
Else Olsen S. fremfører her utdrag av sitt verk, Mormor (2018), for preparert piano, og les små historier frå boka Mormor, mat og andakt. Korleis var det å vera 11 år og kjøyre hest og kjerre åleine til byen for å henta sild? Kva laurdagsgodter hadde dei i gamledager? Kvifor måtte dei slakta ein gris viss dei skulle ha kjøtkaker til middag?
Else Olsen S., pianist, komponist og skribent, har spesialisert seg på preparert piano, og har m.a. jobba sammen med Christian Wolff og Pauline Oliveros i dette arbeidet. Ho arbeider mykje med verk i Open form, t.d. tekstinstruksjonar og grafiske verk. Ho har også gjort eit utøvande stipendiatarbeid på framføring av slike verk, og har skrive ei handbok i interpretasjon av slike verk for andre utøvarar. Ho arbeider med eksperimentell musikk, men blander gjerne inn element av bedehusmusikk eller folkemusikk.
Søndag 27.9 blir Mormor framført i si fulle lengd som ettermiddagskonsert i Bergen domkirke, kl. 16.30. Konserten blir tilrettelagd for eldre og høreselshemma.
Boka Mormor, mat og andakt m/CD kan kjøpast på begge konsertane, eller tingast hjå Else: 45292936, elseolsens@gmail.com
Arrangeres i samarbeid med: