MORMOR, MAT OG ANDAKT

Else Olsen S.

Søndag 27. september kl 17.00
Bergen domkirke
Kr 150/75 – Hønnør gratis
Kjøp billetter

 

Johanna på bryllupsdagen – Foto: Privat

 

I kunstboka Mormor, mat og andakt (2018) møter publikum ulike mormorhistorier gjennom vestlandskvinna Johanna Askeland (1917-2020). Under Bergen kirkeautunnale får du også høyra mormorhistorier frå Cuba, Sri Lanka og Tanzania. Er me så ulike som me trur? Eller finst det noko likt i desse kvinnehistoriene?

Komponist og forfattar, Else Olsen S., vil lesa, og framføra sitt verk Mormor for preparert piano, eit stille verk til ære for mormorer både på Vestlandet og mormorer ute verda.

Billedkunstnar Caroline Ho-Bich-Tuysen Dang har til denne framsyninga laga ein stadspesifik innstallasjon av papir og lys spesielt til Bergen domkirke.

Me fekk under førebuingane til denne konserten beskjed om at Johanna har gått bort. Ho blei 102 år. Himmellengten har vore sterk lenge, og minner oss på det for­gjengelege livet me alle lever. Det einaste sikre her i livet, er at alle som er fødde, også skal døy. No må me sjølve bera arven etter Johanna og beste­mødrene våre, og sørga for at han blir overlevert til våre barn i god stand, slik at vi aldri tar for gitt verken kjærleiken eller kampane deira.

Tilrettelagd for eldre og høreselshemma.

For førehandstinging av boka (avgrensa opplag): Send epost til elseolsens@gmail.com
Tlf. 45292936

Facebook: Mormor, mat og andakt – BOK

 

Else Olsen S. – Foto: Tonje Li

 

Arrangeres i samarbeid med:

Festival for kirkemusikk