VELKOMEN!

 

Foto: Tuva Åserud

Bedehus. Årets festivaloverskrift kan sette tankane i sving hos deg som les dette. Er det det kvite huset langs vegen eller noko heilt anna som dukkar opp?

å leve
er ikkje akkurat det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
men sidan no
dette orgelet likevel står her
kan vi vel spele litt på det

Arne Ruset

Eg veit ikkje kva type orgel Ruset hadde i ­tankane, men sjansen er stor for at det var eit trøorgel. Eller heiter det harmonium eller salmesykkel? På 70-talet var det over 3000 bedehus i Noreg, og det stod trøorgel i svært mange av dei. Av dei som frekventerte bedehusa var det mange som hadde eit slikt ­instrument i heimane sine. Bygd og by har ­endra seg, og behovet for bedehuset er ikkje som før. Likeeins er det færre og færre som trør luft i belgane på dei vekkgøymde salmesyklane. Vi heidrar trøorgelet i årets festival!

Autunnalen ville legge til ein engelsk versjon av overskrifta, og kom fram til Sacred Space. Med det vart alt endå opnare. Kva er eit heilag rom for folk i dag?

Overskrifta Bedehus / Sacred Space kjem til uttrykk på så mange måtar i årets ­festivalprogram. Vi håpar du finn mange heilage rom å besøke.

Velkomen til festival!

Kjetil Almenning
Festivalsjef

Festival for kirkemusikk